Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorBergh, Steffen
dc.contributor.authorSandnes, Gaute Haugen
dc.date.accessioned2017-06-15T11:46:49Z
dc.date.available2017-06-15T11:46:49Z
dc.date.issued2017-05-15
dc.description.abstractSamandrag Troms er det fylket i landet med flest registrerte ustabile fjellsider. Ved å kartlegga større områder for ustabile fjellparti og historiske skred, kan ein gjera ei regional analyse. Dette kan bidra til å forstå dei styrande faktorane for utrasing i eit regionalt perspektiv. Denne avhandlinga omhandlar hovudsakleg geomorfologi, og er skreve parallelt med Andreas Grumstad som har omtala strukturgeologi i større grad. Det studerte området er begrensa av Tromsøysundet og Ullsfjorden (69.52068oN – 69.80973oN og 19.02277oA – 19.62325oA), og er vald grunna store variasjonar i topografi over eit begrensa område. Det vart utført feltarbeid hausten 2016 der 9 lokalitetar (Brattfjellaksla, Kavlbergåsen, Kronstadfjellet, Langdalen, Ragnhildurnuten, Russevankskardet, Skredan, Svarthamartinden, og Trolldalskredet) vart befart over 12 feltdagar til fots og ein dag i helikopter saman med NGU. Vidare vart heile studieområdet kartlagt via flyfoto (Troms, 2006, 2011, og 2016) og tidlegare arbeid i området. Observasjonar og data som vart innhenta vart seinare bearbeida i ArcGIS, Orient(stereonett). Dette for å setja ting i system og få fram ein eventuell samanheng mellom feltobservasjonar frå ulike lokalitetar og innhenta data som omhandlar bergrunn og topografi. På dei ulike lokalitetane som er studert, er det funne ut at ulike strukturar styrer kva type utrasingsmetode som gjeld for den enkelte lokaliteten. Det er funne lokalitetar med alle utrasingsmetodar, og fleire kombinasjonar av desse; utvelting, gliding, og komplekse områder. Foliasjonen varier frå svak helling mot vest-nordvest i dei fleste områda, men det er òg lokalitetar der foliasjonen heller svakt mot nord. Vertikale sprekkesett med ulikt strøk går igjen ved alle lokalitetar. Dette studiet syner at skred og ustabile fjellparti i området er påverka av fleire felles faktorar. Skred og ustabile fjellparti med utrasingsretning mot vest-sørvest og nordvest er utglidingar på foliasjonsplan, medan utrasingar mot aust og nordaust er utvelting, kileutgliding og mindre utglidingar styrte av sprekkesett. Dei større skreda og ustabile fjellpartia i området er dei som har utgliding mot vest og nordvest. Avsettingslause skredarr og steinbrear er teikn på at store utrasingar har skjedd i området under den siste istida, samt i det kalde klimaet i Yngre Dryas. Den kaledonske fjellkjededanninga og den seinare tektoniske aktiviteten i mesozoikum er opphavet til dei styrande strukturane i området.en_US
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/10037/11154
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherUiT Norges arktiske universiteten_US
dc.publisherUiT The Arctic University of Norwayen_US
dc.rights.accessRightsopenAccessen_US
dc.rights.holderCopyright 2017 The Author(s)
dc.rights.urihttps://creativecommons.org/licenses/by-nc-sa/3.0en_US
dc.rightsAttribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Unported (CC BY-NC-SA 3.0)en_US
dc.subject.courseIDGEO-3900
dc.subjectVDP::Matematikk og Naturvitenskap: 400::Geofag: 450::Andre geofag: 469en_US
dc.subjectVDP::Mathematics and natural science: 400::Geosciences: 450::Other geosciences: 469en_US
dc.titleGeomorfologisk og strukturgeologisk undersøking av ustabile skråningar og skredavsettingar. Regional analyse av fjellområdet mellom Tromsøysundet og Ullsfjorden -Troms, Norge.en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.typeMastergradsoppgaveen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Attribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Unported (CC BY-NC-SA 3.0)
Med mindre det står noe annet, er denne innførselens lisens beskrevet som Attribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Unported (CC BY-NC-SA 3.0)