Stilistiske trekk i nordnorske borns rolleleikperformansar: ein kvantitativ og kvalitativ analyse
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10037/36032Dato
2024-12-09Type
Journal articleTidsskriftartikkel
Peer reviewed
Sammendrag
Denne artikkelen tar for seg lydlege aspekt ved nordnorske borns spontane fantasileik og undersøker (i) korleis borna brukar paralingvistiske trekk for å organisera leiken, og (ii) kva for sosiale tydingar desse trekka indekserer. Ein kvantitativ analyse syner at borna i snitt brukar ei lysare røyst i rolleytringar enn i ytringar som blir produserte utanfor leiken. Ein kvalitativ analyse ser på dei ulike kommunikative funksjonane til dei lydlege trekka i rolleleiken i lys av Baumans (1975) performansteori. Gjennom å manipulera tonehøgd og kvaliteten på røysta på ein kreativ måte i meiningsskapinga i leiken tilskriv borna stereotype identitetar til rolle-karakterane. Funna dokumenterer eit begynnande metaspråkleg og sosiolingvistisk medvit, tidleg sjangerforståing og borns aktørskap i det å skapa barnekulturar og ritualiserte leike-sjangrar.
Beskrivelse
Source at https://cdforskning.no/cdf/catalog/book/229.
Forlag
Cappelen Damm ForskningSitering
Strand BS, Johnsen RV. Stilistiske trekk i nordnorske borns rolleleikperformansar: ein kvantitativ og kvalitativ analyse. Skriftkultur. 2024:85-121Metadata
Vis full innførselSamlinger
Copyright 2024 The Author(s)