Show simple item record

dc.contributor.advisorCorner, Geoffrey
dc.contributor.authorDyrvik, Aldo
dc.date.accessioned2014-06-09T12:06:02Z
dc.date.available2014-06-09T12:06:02Z
dc.date.issued2014-05-13
dc.description.abstractDebris-flow er ein type lausmasseskred som opptrer i alpine og arktiske landskap. I Noreg representerer dei ein naturfare både på Vestlandet, i Norland og i Troms. Prosessen har lenge vore studert utafor Noreg, men lite arbeid er gjort her i landet; denne oppgåva er meint å auka kunnskapen om debris-flows i Noreg, samt å vinkla den eksisterande kunnskapen mot eit typisk norsk risikoområde. Ein serie med debris-flows som vart utløyste under Mannfjellet, Signaldalen, Troms den 14. juli 2012 har blitt studerte ved kartlegging og feltstudie. Studieområde er delt inn i fem skredbanar; kvar bane er skildra og analysert, til slutt er dei blitt samanstilte og samanlikna med tidlegare studie. Skreda viser trekk som skil seg ut frå det som tidlegare har vore studert: dei har eit lite kjeldeområde og ei bratt avsetjingsvifte, samt er avsetjingsmønsteret relativt komplisert, noko som tyder på eit komplisert avsetjingsforløp. Måla med oppgåva har vore å evaluera utløpsavstanden for skreda i forhold til styrande faktorar som skredmekanikk, nedbørsmengde, gradient og kjeldemateriale, samt å få ei djupare forståing av debris-flow-avsetjingar i dette området og generelt. Både sedimentologiske og geomorfologiske parameter er nytta. Sedimentologiske data er henta inn i løpet av feltarbeidet, og angår avsetjingsområda for skredbanane. Geomorfologiske data er eit resultat av både førehandskartlegging med flyfoto som base samt feltkartlegging, og dekkjer både kjeldeområda og avsetjingsområda. Kombinasjonen av geomorfologiske settingar og mekanisk åtferd til debris-flows syner å vera nøkkelen til å forstå avsetjingsforløp. Skredmekanikken er tenkt å vera meir dynamisk enn kva frå tidlegare er trudd, noko som vil påverka både avsetjingsforløpet og utløpsavstanden. Varigheita til nedbørsperioden syner og å ha stor innverknad på utløpsavstanden til debris-flowane.en
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/10037/6365
dc.identifier.urnURN:NBN:no-uit_munin_5996
dc.language.isonnoen
dc.publisherUiT Norges arktiske universiteten
dc.publisherUiT The Arctic University of Norwayen
dc.rights.accessRightsopenAccess
dc.rights.holderCopyright 2014 The Author(s)
dc.rights.urihttps://creativecommons.org/licenses/by-nc-sa/3.0en_US
dc.rightsAttribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Unported (CC BY-NC-SA 3.0)en_US
dc.subject.courseIDGEO-3900en
dc.subjectVDP::Matematikk og Naturvitenskap: 400::Geofag: 450::Sedimentologi: 456en
dc.subjectVDP::Mathematics and natural science: 400::Geosciences: 450::Sedimentology: 456en
dc.titleGeomorfologisk og sedimentologisk analyse av avsetjingsforløp og skredmekanikk for debris-flow-hendingar frå 14. juli 2012 i Signaldalen, Troms.en
dc.typeMaster thesisen
dc.typeMastergradsoppgaveen


File(s) in this item

Thumbnail
Thumbnail

This item appears in the following collection(s)

Show simple item record

Attribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Unported (CC BY-NC-SA 3.0)
Except where otherwise noted, this item's license is described as Attribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Unported (CC BY-NC-SA 3.0)