"Det moderne gjennombrotet" i lærarskulen. Ibsen-lesing hjå Tromsø-seminaristar
Permanent link
https://hdl.handle.net/10037/24077Date
2021-06-10Type
Journal articleTidsskriftartikkel
Peer reviewed
Author
Fulsås, NarveAbstract
I motsetning til den utbreidde oppfatninga om at «det moderne gjennombrotet» i den skandinaviske litteraturen møtte motstand og fiendskap, syner opplagstal at Henrik Ibsens Et dukkehjem (1879), eit av dei sentrale gjennombrotsverka, blei hans største salssuksess, og at boka nådde nye grupper av lesarar. Eit rikt materiale frå lærarutdanninga i Tromsø gjer det mogleg å følgje Ibsen-lesinga der i noko detalj, frå dei fyrste innkjøpa i 1866 til byrjinga av 1880-åra. Som ein kyrkjekontrollert, konservativ institusjon lét seminaret vere å kjøpe inn mykje av den moderne litteraturen, men dei kjøpte nesten alt av Ibsen, til og med Et dukkehjem. Det omstridde familiedramaet blei Ibsens gjennombrot som elevlesing og skapte større interesse også for hans eldre titlar. Skulebibliotekets fyrsteutgåve av Et dukkehjem er bevart, og lesarkommentarane i margane syner at boka blei lesen på ein meir «engasjert» og «deltakande» måte enn dei Ibsen-titlane som var skulepensum. Contrary to the widespread notion of hostility towards «the modern breakthrough» in literature in Scandinavia, Henrik Ibsenʼs A Dollʼs House (1879), a centerpiece breakthrough play, was his greatest commercial success and the play reached new groups of readers. Rich material from the teacherʼs training seminar in Tromsø allows us to study the reading of Ibsen in some detail from the first purchases in 1866 until the beginning of the 1880s. Being a church-controlled, conservative institution, the seminar library kept much of «modern» literature out of its collection, but they bought almost every new Ibsen title, including A Dollʼs House. The controversial family drama became Ibsenʼs breakthrough in student reading and also spurred interest in his older titles. The seminar libraryʼs first-edition copy of A Dollʼs House still exists and readersʼ annotations show that it was read in a more enthusiastic and impassioned way than Ibsen titles that became part of the curriculum.
Publisher
UniversitetsforlagetCitation
Fulsås. "Det moderne gjennombrotet" i lærarskulen. Ibsen-lesing hjå Tromsø-seminaristar. Historisk Tidsskrift (Norge). 2021;100(2):131-148Metadata
Show full item record
Copyright 2021 The Author(s)