dc.description.abstract | Oppgåva føyer seg inn i rekka av hovudoppgåver om utvandringa frå dei nordnorske byane, der
undersøkingar både frå Vadsø, Vardø og Tromsø er representerte frå før. Arbeidet medverkar
såleis til ei komplettering av prosjektet med å utforske den transatlantiske emigrasjonen frå byar
og tettstader i Nord-Noreg, som særleg professor Einar Niemi ved universitet i Tromsø har vore
eksponent for.<p>
<p>I analysen av utvandringa frå Hammerfest har særleg den etniske dimensjonen blitt fokusert, og i
årsaksforklaringa har trekk ved både den økonomiske, politiske og kulturelle moderniseringa i
prestegjeldet i undersøkingsperioden blitt aktivisert. I praksis tar undersøkinga opp utvandringa
frå Hammerfest i relasjon til den demografiske utviklinga, urbaniseringa og framveksten av eit
næringsliv knytt til fiskeeksport, selfangst og sjøfart i den vesle ishavsbyen i Vest-Finnmark. At
ein stor del av emigrantane frå Hammerfest var av kvensk opphav, har dessutan gjeve grunnlag
for eit kulturanalytisk aspekt ved undersøkinga der både minoritetspolitiske og religiøse faktorar
har blitt drege inn i forklaringa av utvandringa.<p>
<p>Utvandringa frå Hammerfest var som elles i byane i Finnmark, stor i dei mest intensive
periodane på 1870- og 1880-talet. Men på grunn av stor innflytting og høg fertilitiet vart
folketalsauken i byen enda større enn utvandringa i heile undersøkingsperioden. Utvandringa
fekk såleis ikkje dramatiske konsekvensar for økonomien eller folketalsutviklinga. Ein kan heller
hevde at ho var med på å stabilisere utviklinga og fungerte som ein trygginsventil for samfunnet
då nedgangskonjukturane meldte seg i næringslivet på midten av 1870-åra.<p>
<p>Den kvenske befolkninga var overrepresentert blant utvandrarane frå Hammerfest.
Undersøkinga viser at Hammerfest i betydeleg grad verka som ein mellomstasjon for mange
kvenar og nyinnflytta innvandrarar frå Finland. I Hammerfest fann mange av dei arbeid i t. d.
fangstnæringa og tranproduksjonen, og kunne såleis legge seg opp pengar til Amerikabillett. At
mange kvenar drog til Amerika skyldes mellom anna det presset som fornorskingspolitikken
utsette dei for, men også at denne folkegruppa i stor grad heldt fast på den kvenske idntiteten og
var organisert på eit vis, ikkje minst gjennom den læstadianske vekkingsrørsla som hadde sterkt
fotfeste i Hammerfest. Dette gav eit sterkt nettverk som strekte seg over Atlanerhavet. | |