dc.contributor.advisor | Rolland, Carsten | |
dc.contributor.author | Hellerud, Runar | |
dc.date.accessioned | 2023-09-15T05:37:54Z | |
dc.date.available | 2023-09-15T05:37:54Z | |
dc.date.issued | 2023-05-14 | en |
dc.description.abstract | Denne oppgåva undersøker korleis bruk av ferdråd kan motvirke negativ innflyting av menneskelege faktorar på topptur. Ferdråd blir brukt i mange ulike friluftslivaktivitetar, og blir kort skildra i nokre skredbøker. Derimot er det tidelgare gjort lite forskingsarbeid knytt til bruk av ferdråd i topptursetting, og ferdråd sin rolle for å motvirke negativ innflyting av menneskelege faktorar. Oppgåva undersøker difor følgande hovudproblemstilling:
Korleis brukar toppturentusiastar ferdråd for å identifisere og motvirke negative innflyting av menneskelege faktorar?
Og underproblemstilling:
Korleis lærer toppturentusiastar om ferdråd?
I teoridelen blir friluftslivsomgrepet ferdråd gjort greie for i ein topptursetting, innhald og avgrensing knytt til menneskelege faktorar og ein kort beskriving av analytisk vurdering presentert. Datagrunnlaget stammar frå sju semistrukturerte intervju med toppturentusiastar. Analysen gir følgande resultat:
Resultata viser at informantane i varierande grad kjenner til omgrepet ferdråd, noko som truleg er med å påverke bruk av ferdråd på topptur. Men når informantane opplev ei uønskt hending på topptur prøvar dei å lære frå sine feil og implementera måtar å motvirke liknande situasjonar. Ofte er desse uønska hendingane eit resultat av menneskelege faktorar. Måten informantane lærer å motvirke den negative effekten av menneskelege faktorane er i stor grad tilsvarande med element som er tilsvarande med ferdråd. Resultata viser at mine informantar brukar ferdråd for å ikkje gjenta at den same menneskelege faktoren påverkar val på topptur igjen. | en_US |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/10037/31003 | |
dc.language.iso | nno | en_US |
dc.publisher | UiT The Arctic University of Norway | en |
dc.publisher | UiT Norges arktiske universitet | no |
dc.rights.holder | Copyright 2023 The Author(s) | |
dc.rights.uri | https://creativecommons.org/licenses/by-nc-sa/4.0 | en_US |
dc.rights | Attribution-NonCommercial-ShareAlike 4.0 International (CC BY-NC-SA 4.0) | en_US |
dc.subject.courseID | IDR-3901 | |
dc.title | Ferdråd | en_US |
dc.type | Master thesis | en |
dc.type | Mastergradsoppgave | no |