dc.contributor.advisor | Førde, Anniken | |
dc.contributor.author | Stubhaug, Ørjan | |
dc.date.accessioned | 2011-11-02T14:13:26Z | |
dc.date.available | 2011-11-02T14:13:26Z | |
dc.date.issued | 2011-06-01 | |
dc.description.abstract | Gjennom ei sosiokulturell stadsanalyse undersøker eg i denne masteroppgåva korleis Nordic Mining ASA sin planlagde gruveindustri kan være med på å innverke på lokalbefolkninga i Naustdal kommune og bygda Vevring. Dette meiner eg er ein interessant studie av fleire årsaker. For det fyrste har desse planane skapt ein omfattande debatt om i kva grad lokalbefolkninga faktisk ønskjer ei gruvedrift velkomen, ein debatt eg synes er interessant i seg sjølv. For det andre representerer dette noko relativt nytt i samfunnsforskinga; ved at oppgåva studerar industrietablering i ein kommune som aldri tidlegare har hatt industri og i ei bygd der det finst relativt stor motstand mot prosjektet. For det tredje meiner eg det er interessant å kunne gjere ei samfunnvitskapleg studie av ein industri som er rekna for å vere i startfasen av det fleire har uttrykt som det nye ”industrieventyret”.
Fokuset i oppgåva er på den offentlege debatten som Naustdal kommune sine eigne innbyggjarar skaper og deltar i og på korleis lokalbefolkninga er med på å konstruere og konstituere stadane Naustdal og Vevring, og dermed er det ein studie stadsdiskursar i Naustdal kommune.
På bakgrunn av teori og analyse viser eg at ulik diskursiv ståstad har mykje å sei for korleis folk forstår konsekvensane av ei potensiell gruvedrift. I tillegg viser eg at stadsforteljingar blir eit viktig ledd får å rettferdiggjere eller motarbeide gruveprosjektet. Heilt avslutningsvis viser eg korleis eit slikt omfattande gruveprosjektet innverkar i stadsdiskursar i Naustdal og Vevring. | en |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/10037/3667 | |
dc.identifier.urn | URN:NBN:no-uit_munin_3383 | |
dc.language.iso | nno | en |
dc.publisher | Universitetet i Tromsø | en |
dc.publisher | University of Tromsø | en |
dc.rights.accessRights | openAccess | |
dc.rights.holder | Copyright 2011 The Author(s) | |
dc.rights.uri | https://creativecommons.org/licenses/by-nc-sa/3.0 | en_US |
dc.rights | Attribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Unported (CC BY-NC-SA 3.0) | en_US |
dc.subject.courseID | SPL-3900 | en |
dc.subject | VDP::Samfunnsvitenskap: 200::Samfunnsgeografi: 290 | en |
dc.title | "Kampen om den gode staden" : ei sosiokulturell studie av korleis planar om bergverksindustri kan innverke i stadsforteljingar om Naustdal kommune og bygda Vevring | en |
dc.type | Master thesis | en |
dc.type | Mastergradsoppgave | en |