Show simple item record

dc.contributor.advisorBakke, Jarle
dc.contributor.authorGrøttebø, Frode Kristian
dc.date.accessioned2013-03-27T13:58:01Zen_US
dc.date.accessioned2016-01-14T10:18:55Z
dc.date.available2016-01-14T10:18:55Z
dc.date.issued2012-11-30
dc.description.abstractTema for oppgåva: Kollegarettleiing er ein del av det store rettleiingslandskapet. Kort sagt handlar all rettleiing om å hjelpe andre menneskje til å nå mål. Kollegarettleiing er ikkje særleg annleis, den handlar om å hjelpe kollegaar til å nå mål. Innanfor skuleverket er det enkelte overordna mål. Eit av desse er likeverdig, inkluderande og tilpassa opplæring. Alle i skuleverket skal jobbe etter desse måla. Eg har undersøkt korleis kollegarettleiinga gjev seg til kjenne i den norske skulen gjennom lærarar og assistentars haldningar til rettleiinga. Undersøkinga: For å finne svar på mi problemstilling har eg gjennomført ei spørjeundersøking i dei to norske bykommunane Oslo og Tromsø. Eg har gjennomført undersøkinga på to barneskular i kvar by. Spørjeskjemaet mitt blei sendt ut til alle lærarar og assistentar på dei fire skulane. Totalt er det i undersøkinga 55 respondentar. Spørsmåla i spørjeskjemaet omhandlar forskjellar og likskapar i dei to bykommunane på kva meiningar lærarane har til kollegarettleiing i pedagogisk og spesialpedagogisk arbeid. Hovudfunn: Lærarane har i omfang lite kollegarettleiing, men ønskjer seg meir av det. Dei typane kollegarettleiing dei har er i størst grad uformell rettleiing og rettleiing frå menneskje med lik kompetanse som dei sjølv. Faktorar som hindrar god kollegarettleiing meiner lærarane i størst grad er mangel på tid og tilrettelegging og prioritering frå skuleleiinga. I høve til læraren og eleven si nytte av kollegarettleiinga er det sprik i korleis lærarane oppfattar henne. Det er ei noko meir negativ oppfatting av kva nytte lærarane meiner elevane har enn kva nytte lærarane sjølv har av kollegarettleiinga. Lærarane tykkjer ikkje rettleiinga dei i dag får er med på å utvikle deira lærarprofesjonalitet. Dei ser i ganske lita grad på kollegarettleiinga dei får som eit verkemiddel til å løyse pedagogiske problem som omhandlar elevane deira.en_US
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/10037/8412
dc.identifier.urnURN:NBN:no-uit_munin_7973
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherUniversitetet i Tromsøen_US
dc.publisherUniversity of Tromsøen_US
dc.rights.accessRightsopenAccess
dc.rights.holderCopyright 2012 The Author(s)
dc.rights.urihttps://creativecommons.org/licenses/by-nc-sa/3.0en_US
dc.rightsAttribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Unported (CC BY-NC-SA 3.0)en_US
dc.subject.courseIDPED-3901en_US
dc.subjectVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280::Spesialpedagogikk: 282en_US
dc.subjectVDP::Social science: 200::Education: 280::Special education: 282en_US
dc.title«Nei, her har vi ikkje kollegarettleiing …». Ein studie om lærarar og assistentar sine meiningar og oppfatningar av kollegarettleiingen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.typeMastergradsoppgaveen_US


File(s) in this item

Thumbnail
Thumbnail

This item appears in the following collection(s)

Show simple item record

Attribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Unported (CC BY-NC-SA 3.0)
Except where otherwise noted, this item's license is described as Attribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Unported (CC BY-NC-SA 3.0)