Sammendrag
Tema for denne oppgåva er korleis ein kan forvente at innovasjonspolitikk i det offentlege blir sett ut i livet gjennom rådande styringsperspektiv og kva styringsperspektiv kan innebere for organisering av innovasjon i offentleg sektor.
Oppgåva tek utgangspunkt i stortingsmeldinga «En innovativ offentlig sektor. Kultur, ledelse og kompetanse» (Meld.St. 30 (2019-2020)). Ved bruk av ideanalyse som metode analyserer eg det som kjem fram i stortingsmeldinga med omsyn til styringsperspektiv før eg drøftar to konkrete forslag til korleis offentleg sektor kan organisere for innovasjon.