Sammendrag
Ytre-Tysse er ein liten tettstad i Samnanger kommune, like aust for Bergen. Staden er i endring frå å vere kommunesenter og viktig industristad, til å kanskje miste begge desse funksjonane. Fabrikken har flytta mykje av produksjonen til lågkostland og mange av funksjonane som naturleg høyrer heime i eit kommunesenter er flytta, eller det føreligg planar om å flytta, til Bjørkheim. I denne masteroppgåva ønskjer eg å sjå nærare på Samnanger kommune sine utfordringar rundt arbeidet med utvikling av kommunesenteret Tysse. Oppgåva legg hovudvekt på dei sosiokulturelle aspekta ved Tettstadprogrammet på Ytre-Tysse.