Ferdråd
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10037/31003Dato
2023-05-14Type
Master thesisMastergradsoppgave
Forfatter
Hellerud, RunarSammendrag
Denne oppgåva undersøker korleis bruk av ferdråd kan motvirke negativ innflyting av menneskelege faktorar på topptur. Ferdråd blir brukt i mange ulike friluftslivaktivitetar, og blir kort skildra i nokre skredbøker. Derimot er det tidelgare gjort lite forskingsarbeid knytt til bruk av ferdråd i topptursetting, og ferdråd sin rolle for å motvirke negativ innflyting av menneskelege faktorar. Oppgåva undersøker difor følgande hovudproblemstilling:
Korleis brukar toppturentusiastar ferdråd for å identifisere og motvirke negative innflyting av menneskelege faktorar?
Og underproblemstilling:
Korleis lærer toppturentusiastar om ferdråd?
I teoridelen blir friluftslivsomgrepet ferdråd gjort greie for i ein topptursetting, innhald og avgrensing knytt til menneskelege faktorar og ein kort beskriving av analytisk vurdering presentert. Datagrunnlaget stammar frå sju semistrukturerte intervju med toppturentusiastar. Analysen gir følgande resultat:
Resultata viser at informantane i varierande grad kjenner til omgrepet ferdråd, noko som truleg er med å påverke bruk av ferdråd på topptur. Men når informantane opplev ei uønskt hending på topptur prøvar dei å lære frå sine feil og implementera måtar å motvirke liknande situasjonar. Ofte er desse uønska hendingane eit resultat av menneskelege faktorar. Måten informantane lærer å motvirke den negative effekten av menneskelege faktorane er i stor grad tilsvarande med element som er tilsvarande med ferdråd. Resultata viser at mine informantar brukar ferdråd for å ikkje gjenta at den same menneskelege faktoren påverkar val på topptur igjen.
Forlag
UiT The Arctic University of NorwayUiT Norges arktiske universitet
Metadata
Vis full innførselSamlinger
Copyright 2023 The Author(s)
Følgende lisensfil er knyttet til denne innførselen: