«Det var den siste jobben eg skulle ha». Ein studie av statstilsette si oppleving av ein nedbemanningsprosess
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10037/34210Dato
2024-05-30Type
Master thesisMastergradsoppgave
Sammendrag
Samandrag
Denne masteroppgåva tek for seg to grupper ved Havforskingsinstituttet si oppleving av ein nedbemanningsprosess i 2022-2023. Vi undersøker om dei tilsette har opplevd prosessen som rettferdig, og om oppleving av jobbsikkerheit og forventingar til arbeidskvardagen, har endra seg som følgje av nedbemanningsprosessen. Studien byggjer i hovudsak på teoriar om organisasjonsrettferd og psykologiske kontraktar. Vi argumenterer for at kjensler spelar ei viktig rolle i opplevingar på arbeidsplassen, og undersøker om nedbemanningsprosessen kan kallast ei affektiv hending. Studien sine viktigaste funn er at dei tilsette ikkje har opplevd nedbemanningsprosessen som rettferdig, og at jobbsikkerheit og tankar om arbeidskvardagen har vorte endra for dei fleste respondentane. Gjennom den komparative tilnærminga finn vi at tilsette i den eine gruppa har sterkare negative opplevingar knytt til nedbemanningsprosessen, enn i den andre. Respondentar i dei to gruppene har opplevd brot på forventingar noko ulikt, men i begge grupper opplever respondentar arbeidsgivar som mindre rettferdig enn forventa.
Nøkkelord: nedbemanning, stat, rettferd, psykologisk kontrakt, AET Abstract
This master’s thesis examines the experiences of a downsizing process in two groups of employees at the Institute of Marine Research, in 2022-2023. We investigate whether the employees experienced the process as fair, and whether their sense of job security and workday expectations have changed as a result of the downsizing process. The research is mainly built on theories of organizational justice, and psychological contracts. We argue that emotions play an important role in workplace experiences, and investigate whether the downsizing process can be called an affective event. The most important findings of the study are that the employees did not experience the downsizing process as fair, and that the sense of job security and workday expectations have changed for most of the respondents. Through the comparative approach, we find that employees in one group have stronger negative experiences linked to the downsizing process than the other. Respondents in the two groups have experienced breach of expectations somewhat differently, but we find that in both groups there are respondents who experience their employer as less fair than anticipated.
Keywords: downsizing, state, justice, psychological contract, AET
Forlag
UiT Norges arktiske universitetUiT The Arctic University of Norway
Metadata
Vis full innførselSamlinger
Copyright 2024 The Author(s)
Følgende lisensfil er knyttet til denne innførselen: