«Diplom og vitnemål er no berre papir. Det er kva du gjer med livet ditt som er viktig.» Åtte studentar sine erfaringar av å vera klassereisande i akademia
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10037/5443Dato
2013-06-01Type
Master thesisMastergradsoppgave
Forfatter
Gjerstad, AskildSammendrag
Denne oppgåva belyser klassereisande studentar sine erfaringar i akademia. Sjølv om det tidvis har vore eit friskt offentleg ordskifte om klassereiser i eigen kultur i Noreg dei siste åra, er det gjort overraskande lite kvalitativ forsking på temaet. Oppgåva fokuserer i hovudsak på kulturelle forskjellar mellom oppvekstmiljøet og universitetsmiljøet for studentar som har foreldre utan høgare utdanning, og kva for strategiar dei klassereisande studentane tek i bruk for å tilpassa seg den akademiske kulturen. Hovudfunnet er at for informantane synes overgangen til universitetet ut til å vera mindre problematisk enn det var for nokre tiår sidan. Dagens klassereisande studentar endrar kulturen sin og språket sitt i mindre grad i studietida enn klassereisande studentar gjorde før, og dei tilpassar seg også universitetsmiljøet mykje lettare. Dei klassereisande studentane synes også å i langt større grad enn før å sjå på bakgrunnen sin som ein styrke, og ikkje som ei avgrensing.
Forlag
Universitetet i TromsøUniversity of Tromsø
Metadata
Vis full innførselSamlinger
Copyright 2013 The Author(s)
Følgende lisensfil er knyttet til denne innførselen: