Å leve mellom kjønn. Ein kvalitativ studie av kjønnsmangfald og identitetsforhandlingar hos menneske med kjønnsidentitetstematikk.
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10037/6462Dato
2014-05-14Type
Master thesisMastergradsoppgave
Forfatter
Hansen, Sigrid AgnetheSammendrag
I denne studien utforskar eg kva det vil seie å leve mellom kjønn. Det er ein kvalitativ studie som baserer seg på ti intervju med ti informantar frå ulike stader i Norge. Informantane er menneske med kjønnsidentitetstematikk, og er ei blanding av transpersonar og menneske med diagnosen transseksualisme. Fokus for studien er å vise korleis desse menneska forhandlar og forvaltar sin kjønnsidentitet, både for seg sjølv og i møte med samfunnet for øvrig. Ein del av informantane går eller har gått igjennom ein kjønnskorrigerande prosess, medan ein annan del av informantane lever i ein slags mellomposisjon mellom kjønna og utfordrar den normative tokjønnsmodellen som i analysane viser seg å gjere seg gjeldande for fleire av informantane i utvalet. Studien stiller spørsmål om livskvalitet og gir rom for subjektive og personlege erfaringar rundt det å leve som ein kjønna ”andenhet”, som er eit viktig analytisk omgrep henta frå Dorte Marie Søndergaard. Studien er inspirert av poststrukturalistisk feministisk teori, dekonstruksjon og queer theory. I tillegg til Søndergaards dekonstruksjonistiske inspirasjon, er også Judith Butler sitt performativitets-omgrep nytta som ein muleg måte å forstå kjønn på.
Forlag
UiT Norges arktiske universitetUiT The Arctic University of Norway
Metadata
Vis full innførselSamlinger
Copyright 2014 The Author(s)
Følgende lisensfil er knyttet til denne innførselen: