Nasjonale Turistveger si reiselivssatsing på Valdresflye med ikonpunkt Gjende – ei gåvepakke eller statleg overstyring av lokalsamfunnet?
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10037/9627Dato
2016-05-18Type
Master thesisMastergradsoppgave
Forfatter
Sveen, Kari MøyfridSammendrag
Oppgåva tek utgangspunkt i Statens Vegvesen si satsing Nasjonale Turistveger, og set fokus på korleis den statlege tilrettelegginga har blitt forankra og motteke i lokalsamfunnet. Eg har vald eitt av tre ikonpunkt i satsinga – ikonpunkt Gjende på turistvegstrekninga Valdresflye.
Nasjonale Turistveger sitt opplegg med å gå sterkt inn og skape ein ny attraksjon som ledd i målet om å betre opplevingane og bidra til verdiskaping har møtt ekstra utfordringar ved Gjende. Dette kan skuldast at prosjektet her etablerte satsinga på ein plass med mange eksisterande interesser, utan å ta innover seg at dette ville krevje ein breiare og meir deltakande prosess enn på ein lokalitet langs vegen med få eller ingen andre brukarinteresser.
Personar med ulik tilknyting til området er intervjua om korleis han eller ho har opplevd prosessen, og korleis dei ser på tilrettelegginga. Intervjua viser at aktørane har svært ulik stadoppfatning, og denne avstanden skaper konfliktar når ei stor statleg satsing kjem på eit lite område med mange ulike brukargrupper etablert med sine behov og spesielle kjensler for staden.
I utgangspunktet ønskjer dei fleste satsinga velkomen, men fleire opplevde prosessen som lite inkluderande. For mange får «gåvepakka» ein bismak når plassering av gangbru over ei særleg god fiskestrekning etter kvart blir sjølve føresetnaden for fortsatt satsing frå Nasjonale Turistveger. På dette punktet opplever lokale aktørar det som ei overstyring av lokaldemokratiet, når ein sterk aktør utanfrå brukar makta si for å få brua der arkitektane synest det er best, og ikkje der kommunen har ønskt.
Forlag
UiT Norges arktiske universitetUiT The Arctic University of Norway
Metadata
Vis full innførselSamlinger
Copyright 2016 The Author(s)
Følgende lisensfil er knyttet til denne innførselen: