Landfast for ein kvar pris?
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10037/22081Dato
2021-05-14Type
MastergradsoppgaveMaster thesis
Forfatter
Hennig, Erlend WiderøeSammendrag
At distriktspolitikk og samferdslepolitikk går hand i hand er ein etablert oppfatning, men korleis står distriktspolitiske omsyn opp mot samfunnsøkonomiske vurderingar? Denne oppgåva drøftar korleis desse omgrepa står opp mot kvarandre i samferdslepolitikken. Denne oppgåva tek føre seg ferjeavløysingsprosjektet Ryfast og ser nærmare på korleis distriktspolitiske omsyn og samfunnsøkonomiske vurderingar har påverka traséval og politiske avgjerder frå dei første samferdsleplanane for Rogaland på 1930-talet til dåverande samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa tok første spadetak i 2012. Distriktspolitikken og dei samfunnsøkonomiske vurderingane si rolle i Ryfast blir grundig analysert, før dei blir sett opp mot kvarandre til slutt. Oppgåva konkluderer med at dei samfunnsøkonomiske vurderingane sin funksjon i samferdslepolitikken er langt mindre enn det blir gitt uttrykk for i offentlegheita, og stiller spørsmål ved bruken av samfunnsøkonomisk lønsemd som argument då det viser seg at det til sjuande og sist er den politiske viljen som rår.
Forlag
UiT Norges arktiske universitetUiT The Arctic University of Norway
Metadata
Vis full innførselSamlinger
Copyright 2021 The Author(s)
Følgende lisensfil er knyttet til denne innførselen: