Tillitsbygging i organisasjon
Permanent link
https://hdl.handle.net/10037/22933Date
2020-11-05Type
MastergradsoppgaveMaster thesis
Abstract
Avhandlinga omhandlar tillitsbygging i organisasjon. Studien søker å finne samanhengar på korleis formell rolle og koordinering kan påverke ein leiars tillitsbygging med eins tilsette i ein etablert organisasjonsstruktur. Teori på kognitiv- og affektiv tillit, samt formell rolle og koordinering, vert presentert. Oppgåva gjer så greie for metodisk tilnærming i form av ei litteraturstudie kor forventningar til variablar vert presentert. Litteraturbidraget består av 14 artiklar som tek for seg tillitsbygging i organisasjon og føresetnader for tillit i organisasjon- og leiingssamanheng. I siste kapittel vert funn oppsummert. Her vert det konkludert med at formell rolle kan påverke tillitsbygging ved å forenkle predikasjon og dermed skape forutsigbarheit (kognitivt) og synleggjere personlege initiativ ut over rolla (affektivt). Vidare med at koordinering kan påverke tillitsbygging ved å bidra til stadig fornying av tilsette sine bilete på leiarens truverd (kognitivt), samt vere ei formell opning for interaksjon der aktørane kan lære ein annan sin karakter å kjenne og såleis forsterke åtferd knytt til tilhøyrsle (affektivt). Til slutt vert praktiske implikasjonar og tilråding til vidare forsking presentert.
Publisher
UiT Norges arktiske universitetUiT The Arctic University of Norway
Metadata
Show full item recordCollections
Copyright 2020 The Author(s)
The following license file are associated with this item: