Sammendrag
Emnet for denne masteroppgåva er om korleis norske kommunar forsøker å utøve eigarstyring av kommunale føretak gjennom samansetning av føretaket sitt styre. Kor medviten er måten kommunar sett saman styret på, og har samansetning av styret noko å seie for kva ein oppnår? Fokuset er retta mot kva ordførarane meiner om dette spørsmålet. Utifrå tilbakemeldinga frå ordførarane er det ikkje eintydig kven kommunane vel å sette i dei kommunale føretaka, og kvifor dei sit der. Det er ei samansat vurdering som varierer for den enkelte kommune. Politikarrolla, fagkompetanse, erfaring, mangfald av alder og kjønn har noko å seie. Ikkje isolert sett aleine som ein eintydig eigenskap eit styre må ha, men som viktige puslespelbitar eit heiltalig bilete.