dc.contributor.advisor | Vangsnes, Øystein A. | |
dc.contributor.advisor | Johansen, Åse Mette | |
dc.contributor.author | Fenes, Maria Iselin | |
dc.date.accessioned | 2022-10-11T05:34:20Z | |
dc.date.available | 2022-10-11T05:34:20Z | |
dc.date.issued | 2022-05-14 | en |
dc.description.abstract | I denne studien undersøkjer eg om auka nynorskeksponering kan verke inn på elevhaldningar til nynorsk, sidemålet deira. Studien min byggjer vidare på ein intervensjonsstudie med inspirasjon frå språkdusjmetodikken. I undersøkinga mi deltar seks klassar, som har hatt ulik grad av nynorskeksponering. Eg nytter spørjeundersøking og gruppeintervju for å undersøkje om intervensjonane har verka inn på elevane sine haldningar til nynorsk.
Prosjektet som studien min byggjer vidare på vart sett i gang før eg vart involvert, og haldningar har ikkje vore eit fokus i intervensjonen. Dette inneber at eg ikkje har data på haldningane til elevane frå før intervensjonen, noko som gjev ei uvisse knytt til om elevane sine haldningar faktisk har endra seg og om intervensjonen i seg sjølv har bidradd til dette.
Resultata frå spørjeundersøkinga mi viser likevel ein tendens til at elevane frå klassen med auka nynorskeksponering svarer meir positivt enn dei andre klassane, men denne skilnaden er ikkje statistisk signifikant. Alle klassane ligg innanfor kategorien ‘negativ’ til nynorsk. Det er til dels ein kontrast mellom funna frå spørjeundersøkinga og funna frå intervjua. Dataa frå spørjeundersøkinga viser ein reproduksjon av den dominerande nynorskdiskursen, medan elevane i intervjua viser større evne til å reflektere og utfordre kvarandre sine synspunkt. Fleire av diskusjonane deira frå intervjua bidrar til å utfordre den dominerande negative diskursen omkring nynorsk. | en_US |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/10037/27009 | |
dc.language.iso | nno | en_US |
dc.publisher | UiT Norges arktiske universitet | no |
dc.publisher | UiT The Arctic University of Norway | en |
dc.rights.holder | Copyright 2022 The Author(s) | |
dc.rights.uri | https://creativecommons.org/licenses/by-nc-sa/4.0 | en_US |
dc.rights | Attribution-NonCommercial-ShareAlike 4.0 International (CC BY-NC-SA 4.0) | en_US |
dc.subject.courseID | NOR-3982 | |
dc.subject | VDP::Humaniora: 000::Språkvitenskapelige fag: 010::Nordiske språk: 018 | en_US |
dc.subject | VDP::Humanities: 000::Linguistics: 010::Nordic languages: 018 | en_US |
dc.subject | Nynorsk | en_US |
dc.subject | Sidemålsopplæring | en_US |
dc.subject | Haldningar | en_US |
dc.subject | Språkhaldningar | en_US |
dc.subject | Språkdusj | en_US |
dc.subject | Nynorskdidaktikk | en_US |
dc.subject | Norskfaget | en_US |
dc.subject | Ungdomsskole | en_US |
dc.title | "Jeg tror nok det kommer til å dø ut men vi trenger liksom ikke å utrydde det". Ein studie av korleis auka nynorskeksponering kan verke inn på haldningar hos elevar med nynorsk som sidemål | en_US |
dc.type | Mastergradsoppgave | nor |
dc.type | Master thesis | eng |