Multilektal skriving hos ungdommar på Vestlandet. Ein studie av dialektbruk på digitale, sosiale medium hos to grupper ungdommar på Vestlandet.
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10037/30048Dato
2023-05-15Type
MastergradsoppgaveMaster thesis
Forfatter
Garatun, Maria KristinSammendrag
Denne mastergradsoppgåva har som føremål å undersøkje multilektal skriving, med hovudfokus på dialektbruk blant to ulike elevgrupper på Vestlandet. Problemstillinga for oppgåva er å undersøkje på kva for måte ser ein innslag av dialektskriving hos unge på Vestlandet? Dei to elevgruppene har ulik tilknyting til det nynorske skriftspråket, i form av at det nordlegaste utvalet er frå eit kjerneområdet for nynorsk, medan det sørlege utvalet er frå ei randsone for nynorsk. Studien tar føre seg utviklinga og framveksten av digitale, sosiale medium og ser på korleis dette har påverka måten vi kommuniserer og bruker språket. Vidare tar studien føre seg fenomenet dialektskriving i tråd med multilektal skriving, noko eg undersøkjer ved å analysere reelle meldingar som ungdommar har sendt til kvarandre på deira fritid.
Resultata i studien viser at elevgruppa frå kjerneområdet for nynorsk, melder om svært hyppig bruk av nynorsk, medan elevgruppa frå randsona nesten utelukkande melder om bruk av bokmål. Dette mønsteret ser ein både i formelle og uformelle skrivesituasjonar. Begge utvala rapporterer likevel til ein viss grad om bruk av dialekt og særleg at dei blandar ulike språk/dialektar. Den registrerte språkbruken til majoriteten av begge elevgruppene viser likevel at det er mykje dialektale trekk i privatskrivinga deira, der det både dreier seg om unike dialektord, men også ein heil del dialektale ord som har unikt samanfall med normert nynorsk. Dette trass i at særleg det sørlege utvalet sjølvrapporterer om ingen eller lite bruk av nynorsk.
Ein ser også at det kvalitativt sett, varierer kor ortofont den enkelte elev skriv, noko som gjer det utfordrande å fastslå eit overordna mønster eller ei norm for dialektskrivinga. Likevel kan ein sjå at det er spesielt dialektale ortofone og morfologiske trekk som førekjem hyppigaste hos begge elevgruppene, til dømes bruk av spørjeordet ka og bortfall av endings -r i presens og preteritum av verbet å vere, uttrykt e og va. Elles førekjem det hyppig bruk av pronomen eg og me, samt nektingsadverbet ikkje som fell saman med normert nynorsk. Dei mest frekvente trekka heng også tett saman med mange av dei morfologiske dialektale trekka som er karakteristisk for dei to dialektområda, innafor sørvestlandsk.
Forlag
UiT Norges arktiske universitetUiT The Arctic University of Norway
Metadata
Vis full innførselSamlinger
Copyright 2023 The Author(s)
Følgende lisensfil er knyttet til denne innførselen: