Ættleiing. Ein ny sjanse for dei uektefødde
Author
Berg, Sigrun HøgetveitAbstract
Å ættleie tyder å gje barn fødde utanfor ekteskap – såkalla uektefødde barn – arverett ved å «leie dei» inn i ætta.2 I landskapslovene kunne den ættleidde ta arv jamsides med den ektefødde, men etter kvart som kyrkja sitt syn på ekteskap vann fram gjennom mellomalderen, endra også synet på uektefødde barn seg. Kyrkja si ekteskapslære sette spor etter seg i alt lovverk, også i Landslova, og etter 1274 vart den ættleidde flytta ned i andre arveklasse i arvetalet. Å vera uektefødd var framleis ikkje ein ubøteleg start på livet, men ifølgje kanonisk rett kunne det ikkje vera jamgodt med å vera fødd innanfor eit lovleg inngått ekteskap.
Så korleis verka dette i praksis? I denne artikkelen skal me gå til diplommaterialet for å sjå etter kven som ættleidde, kven som vart ættleidd – og kva sa dei andre arvingane? Og korleis ser Landslova si endring i ættleiingsinstituttet ut til å ha vorte motteke utover på 1300-talet?
Publisher
Dreyer Forlag A/SCitation
Berg SH: Ættleiing. Ein ny sjanse for dei uektefødde.. In: Mundal E, Opsahl E, Sunde JØ, Tveit M. Landslova av 1274. Rett, politikk og samfunn i norsk høgmellomalder, 2023. Dreyer Forlag A/S p. 151-171Metadata
Show full item record
Copyright 2023 The Author(s)