Naboskap, oppfatningar og delelinjeforhandlingar 1985–1992 : ei framstilling av delelinjeforhandlingane i Barentshavet slik dei blei sett i norske og sovjetiske/russiske aviser
Author
Myklestad, MariaAbstract
Oppgåva er ei framstilling av delelinjeforhandlingane i Barentshavet mellom 1985 og 1992 slik dei blei oppfatta i norske og sovjetiske/russiske aviser. Fram til drøftingane bryt saman i 1992, må perioden i grove trekk sjåast som ei tid med stor optimisme i delelinjeforhandlingane. Dette viser seg og i avisene, men på svært ulike måtar i Noreg og Sovjetunionen/Russland. Dei sentrale avisene i Moskva representerte eit syn på saka som låg svær nær den politiske leiinga. I norske aviser fanst det derimot ei rekke ulike aktørar som bidrog til å sjå delelinjespørsmålet i ulike perspektiv. I Sovjetunionen ser vi ein ny og meir positiv måte å omtale Noreg og delelinjeforhandlingane på. Språkbruken må tolkast som eit verkemiddel i relasjonen mellom landa, og del av den politiske strategien. Det viktigaste er likevel at dette representerte eit nytt syn i den sovjetiske utanrikspolitikken ovafor Noreg og delelinjeforhandlingane. I Noreg går det noko tid før den nye sovjetpolitikken vinn tillit blant norske syn. Somme har positive oppfatningar av russarane sine nye initiativ, medan andre har og syn som ber preg av den type trugselførestillingar som særleg var framtredande under den kalde krigen. Delelinjeforhandlingane når i løpet av perioden sine hittil beste utsikter til ei løysing, men ein oppblomstring i nasjonalistisk kultur i Russland leier i 1992 til at forhandlingane bryt saman.
Publisher
Universitetet i TromsøUniversity of Tromsø
Metadata
Show full item record
Copyright 2012 The Author(s)
The following license file are associated with this item: