Kristenrettspraksis i norsk seinmellomalder
Permanent link
https://hdl.handle.net/10037/649Date
2004-06-11Type
Master thesisMastergradsoppgave
Author
Berg, Sigrun HøgetveitAbstract
Den katolske kyrkja bygde utover i mellomalderen opp eit avansert lovverk for alle type saker
ho meinte høyrde henne til. Denne lovgjevinga blir felles omtala som kanonisk rett, og i
samspel med den verdslege retten vart han ein integrert del av lovverket i dei kristne landa
utover i høg- og seinmellomalderen. Lovgjevinga fekk sine lokale tilpassingar, og
kristenrettsbolkane i dei gamle norske landskapslovene spende over ei rekkje ulike område.
Det er dei sokalla "store" kristenrettssakene som handlar om kyrkjas
bod og lære eg ser på i oppgåva; om ekteskap, ekte fødsel og seksuelle lovbrot. Desse kristenrettssakene har konsekvensar for både høg og låg i samfunnet, og dei heng særleg saman av di dei ofte både reiser og svarar på spørsmål omkring arv og eigedom – noko som er avgjerande for mellomaldermennesket si stilling og tilhøyrsle i samfunnet.
Kva for motivasjon hadde ulike aktørar for å taka kristenrettssaker til tings og til torgs? Var det kyrkjelojalitet og religiøs overtyding eller kjærleik, politikk, arv og arbeid? Arv gjeld jord, og jord var ein knapp ressurs som utgjorde grunnlaget for dei materielle verdiane til mellomaldermenneska. Men kunne ynsket om nåde for det ævelege livet vera sterkare enn verdslege ynske i dette livet? Korleis reagerte folk når desse verdiane kom i konflikt med einannan? Gjorde dei absolutte val, eller manøvrerte aktørane på ein mellomveg der det kunne takast omsyn til både det åndelege og materielle?
Synet på kyrkja si rolle i samfunnet vil spela inn på korleis ein vurderer dei ulike aktørane sitt manøvreringsrom mellom desse verdiane – mellom dei religiøse påboda og dei verdslege handlingane. Var ho ei kyrkje med pålegg og krav som styrde med hard hand ovafrå, eller ei kyrkje som søkte å imøtekoma behov nedafrå? Introduserte og utvikla kyrkja eit fysisk og ideologisk organisasjonsapparat som gav tilbod om åndelege svar på det ho såg på som menneskas mest grunnleggjande behov, eller er det rettare å sjå kyrkja som ein sterk, sentralisert maktutøvar som med påbod pressa sine institusjonar, reglar og ideologiar nedover folk?
Kyrkja utvikla seg både i strid og samarbeid med det verdslege samfunnet i mellomalderen, og
mange av vegvala, både for henne og statsmaktene, var resultat av kompromiss. Når kyrkja
samlar seg om doktrinane og dogma sine, og kanonisk rett blir vidareutvikla, kan det verke
som kyrkja strammar til grepet utover i perioden. Dei lovregulerte kristenrettsbrota blir fleire
og fleire, og det kjem detaljerte reglar for korleis dei skal oppsøkjast og straffast. Men kyrkja
mistar samstundes ein del av det økonomiske fundamentet sitt etter svartedauden, og i
rettsutøvinga ser me korleis kyrkja korkje har eineveldig domsmynde eller ubetinga
suksess med å få syndesåline til å fylgje Jesum krist.
Men i staden for å setja opp ein motsetnad og prøve mæle styrken til kyrkja andsynes
samfunnet, må ein sjå det som to sider av same sak. Kyrkja styrkjer seg av di hennar tankar og
institusjonar breier seg ved at folk brukar henne, men denne individualiseringa gjer samstundes
at folk utover i seinmellomalderen frigjer seg frå henne ved ei pragmatisk tilpassing til dogma.
Skriftlegheit er både føresetnad og konsekvens av dette, demokratisering likeso. Bruken av
det pavelege Pønitensiariatet er eit klart seinmellomaldersk trekk, og eit døme på den demokratiseringa som går føre seg ved at fleire og breiare lag tok i bruk europeiske varer, idear og institusjonar.
Kvifor vart kristenrettssaker tekne til tings og til torgs? Jo, av di aktørane ynskte seg
arv og arbeid, men òg av di kyrkja, gjennom kristenrettane, gav dei høve til å fremja sakene
sine innanfor åndelege rammer.
Description
Dette er en hovedoppgave.
Publisher
Universitetet i TromsøUniversity of Tromsø
Metadata
Show full item recordCollections
Copyright 2004 The Author(s)
The following license file are associated with this item: